Grafisk design

Grafisk design

Vi utformar alt frå logoar og visuelle profilar, til alle former for trykksaker og kommunikasjon.


Å ha designerar på huset styrkar oss som trykkeri og designerane får i tillegg ein solid kunnskap om trykkprosessar. Dette forbetrar vår kommunikasjon med både bedrifter og andre designbyrå. Vårt mål er å skape meirverdi for våre kunder og oppdragsgjevarar.

Kom gjerne til oss for å diskutere løysingar og moglegheiter for ditt prosjekt!

Vi har levert trykksaker i mange år og veit kva som skal til får å få eit godt trykkresultat, men det er ikkje berre trykkresultatet som avgjer om ei trykksak er god – den må også ha eit innhold og ein bodskap som du vil formidle. Vi på Egsetviketrykk trur at ting skjer når vi snakkar saman. Idéar, tankar og løysingar tek form, gamle forestillingar og metoder kjem i eit nytt lys. Vi har tru på samtalar både før, under og etter eit oppdrag. Med eit klart mål for markedskommunikasjon, blir du, dine ansatte og dine kunder trygge på kva di bedrift er – og vil.


Vi utformar:

  • Logo
  • Visuell profil
  • Katalogar
  • Annonser
  • Visittkort
  • Konvolutter
  • Brevark
  • Brosjyrer
  • Folderar
  • Bøker
  • Timelister
  • Skjema
  • Plakatar
  • Skilt
  • Bildekor
  • Tekstiltrykk
  • … og mykje meir.

Designerane kan utforme noko heilt nytt for di bedrift eller prosjekt, rette og oppdatere gamalt, eller jobbe etter overordna profilmanualar. Vi har stor respekt for design som fag og alle, både andre designerar og bedrifter, skal vere trygge på at reglar blir holdt og kvalitet blir sikra.

Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande møte!