Egsetviketrykk AS er ei grafisk bedrift med mange års erfaring i å gjere kundane nøgde. Vi er fleksible, leveringsdyktige og effektive med både designavdeling og eige trykkeri under same tak.
Dei første åra
I januar 2010 fusjonerte Viketrykk AS i Ulsteinvik med Egset Trykk AS i Volda, etter at Viketrykk kjøpte selskapet hausten 2007. Namnet blei endra til Egsetviketrykk AS i 2009.
Viketrykk si historie starta som eit dotterselskap til Vikebladet AS i 1985, då Vikebladet skilde ut trykkeriet som eige selskap. Vikebladet eigde 91% av aksjane og Johan Ottesen, Willy Johansen og Roar Øvrebøe eigde 3% kvar.
Vikebladet vart starta i 1928 av Johs. Torkildson, som saman med kona dreiv avisa og trykkeriet fram til 1975. Då blei selskapet omdanna til aksjeselskap og to ny eigarar kom inn; Johan Ottesen og Einar Ekroll. Etter det kom stadig nye aksjonæra til, og i 1983 blei Møre Industritrykk kjøpt opp av Vikebladet og eigaren Roar Øvrebøe gikk inn som medeigar i Vikebladet. Vestposten på Hareid vart kjøpt i 1984 og dei to avisene gjekk saman og blei til Vikebladet Vestposten. Selskapet sitt namn vart framleis Vikebladet AS. Vikebladet selde seg ut av Viketrykk AS i 1989.
Egset Trykk blei starta i 1976 av Olai Egset som etablerte selskapet etter å ha arbeidd i mange år som typograf og seinare som faktor på avistrykkeriet Møre i Volda.
Idè – design – trykk – ta kontakt for ein prat!

