Trykk

Trykk

Egsetviketrykk er eit moderne trykkeri som lenge har vore kjend for høg kvalitet, fleksibilitet og levering til rett tid. Her blir det produsert eit vidt spekter av trykksaker, både offset og digitalt, på papir og plast. – sjå gjerne vår portfolie!


Vi likar å følge med i tida, både når det gjeld kompetanse, programvare og teknologi. Vi oppdaterer stadig vår kunnskap og vi har lært mykje gjennom ei lang fartstid i grafisk bransje. Egsetviketrykk er i dag eit av landets mest moderne trykkeri, noko vi er stolte av!

Vår nyaste trykkmaskin trykk fargar og lakkeffektar i ein og same operasjon. Fargane vert UV-tørka og trykksaka kan gå rett til ferdiggjering og etterbehandling. Dette gjer at vi kan ha kort leveringstid, og kan tilby expresslevering om dette er ønskeleg. Våre moderne trykkmaskiner har fargestyring som er integrert med fortrykkavdelinga og resultatet er skarpe trykksaker av høg kvalitet.

Vi er her for at du skal få det tilbodet du fortjener.


Oppstart

Før sjølve trykkprosessen settast i gong, har du oftast to valg: Levere ferdig og trykkeklar PDF til oss, eller få hjelp av ein grafisk designer. Ein grafisk designer utformer budskap ditt visuelt. Treng du hjelp til grafisk utforming, les meir under «Grafisk design», som du finn i menyen. Sender du oss trykkeklare filer vil desse bli kontrollert på fortrykkavdelinga før trykk, for å sikre at dei er optimale for eit godt trykkresultat.


Offset eller digitalt

Vi trykk både offset og digitalt. Store opplag er hensiktmessige å produsere i offset trykkmaskin, mens små opplag er kostnadseffektivte å produsere direkte i en digitalprinter. Offset gir moglegheiter for spesialfarger, gull, sølv, metalliske fargar eller fluoriserende farger samt eit større utvalg av papirkvalitetar.


Overflatebehandling

Overflatebehandling av papiret kan vere gloss, matt eller krakelert UV-lakk, foliering eller spottlakkering. Ei overflatebehandling skaper eksklusivitet i tillegg til å beskytte papiret.


Ferdiggjering

Når tykksaka er ferdig trykt, er det tid for etterbehandling. Våre maskiner stifter, limfreser eller spiraliserer ryggar på magasin, katalogar, bøker og brosjyrer. Vi kan stanse ut mapper og andre former til omslag, esker og emballasje. Vi tilbyr også preging, hulling, blokkliming og nummerering.


Distribuering

Du kan trygt planlegge distribusjon og adressering med oss. Vi kan sende trykksakene rett til di målgruppe med våre moglegheiter for adresserings og konvoluttering. Vi kan også plaste katalogar og brosjyrer og sende det direkte ut til dine kunder.